di'Høyland på Jæren

Mathea Olsdotter Hårr og Ommund Olson Høyland sine etterkomarar

Slektsboka vart lansert 19.2.2022!

Slektsboka vart lansert 19.februar 2022, og kan bestillast hos Gjertrud Marie Jensen på gjertrudmarie@gmail.com eller mobil 47954850.

Pris pr bok er kr. 750,-

Prisar på porto på Vipps #740151. Hugs å send melding med adresse, då denne vippsen ikke gjer automatisk melding, eller viser kven og kva som er bestilt!.

Velkommen!

Me har alle: 2 foreldre, 4 besteforeldre, 8 oldeforeldre, 16 tippoldeforeldre.

Eg har valt eit av mine 8 tippoldeforeldrepar på grunnlag av spanande informasjon som kom fram då eg byrja å forske på ein av sønene deira, oldefar Oscar, som er mi mormor sin far. Eg fekk aldri treffe mormor Målfrid Omland, ho døydde før eg vart fødd. Men resultatet, denne boka, starta med henne. Og ei markering av 100-årsdagen etter hennar fødsel i 2014. I samband med feiringa, hadde mor eit ønskje om at eg skulle finne litt ut om slekta. Og det gjorde eg, og vart ganske oppslukt.

¨

Eg har skrive ei mikrohistorisk etterkomarforteljing om Mathea Olsdotter Hårr og Ommund Olsen Høiland. Boka kan lesast frå perm til perm, eller som eit oppslagsverk. Eg har fått tak i bilde av mange etterkomarar, dei som manglar er i dei fleste tilfelle etter eige ønskje. I tillegg til familiegalleri og bilde av etterkomarar til og med 2018, vil de finne informasjon frå Jæren som spenner frå Ommund og Mathea sine foreldre si tid, frå samfunnet dei levde i, og konkret informasjon frå ulike hendingar.

Eg har fått nokre små innblikk frå nålevande i slekta. Og det er eg svært takksam for. Men eg håpar at de som lesarar får eit lite sosialhistorisk vindauge inn i tida då Ommund og Mathea levde, og korleis samfunnet og kvardagen var då våre forfedre vaks opp.

Me kjem frå ei rekke hardtarbeidande folk. Dei var ressurssterke i form av sitt handverk og sin kunnskap.

Under fana MEDIA-videoer- finn de ein filmsnutt av Ia som syng ein sang dei laga då dei var små, i solbærhagen hos tante Kjisten og onkel Per

Sjølv om dei i store deler av livet var sjølvforsynt med mat og klede, så har gleda ved å dyrke pryd- og nyttevekstar vore til stor glede for mange. Det kjem godt fram på mange av dei gilde bilda frå hagestunder, både kvardag og fest i familien vår. Mange frå Jæren reiste for godt til Amerika.

At våre ikkje flytta på seg, tyder på at det var bruk for deira arbeidskraft her på Jæren.

Ommund og Marthea Høyland si etterslekt er pr. inngangen til 2019 1548 personar .

"

Etter å ha sett bilde frå samkome, opplever eg eit sterkt samhald, og gleda av å ha kvarandre. Søskenflokken Høyland hadde ein utfordrande oppvekst som mange andre på denne tida. I 1912 var familien i sjokk og sorg etter at Ommund Ommundsen Høiland, far deira, avslutta livet som 50-åring, medan mor deira Mathea Olsdotter Hårr levde 30 år etter han.

På fotografiet ser me Mathea med barn og 2 svigerdøtre. Det er truleg tatt kort tid etter dødsfallet

Bak f.v Alfa og Ole Ommundsen Høiland, Oscar og Elen Høiland, Klara (gift Aase), Olga (gift Tegle) Anna Høiland

Framme sit Martine (gift Tjølsen), Ommund Høyland junior, Mathea og Kirsten (gift Lode)